Interaktivitet betyr at brukaren kan gje input i multimedieproduksjonen og på den måten styre informasjonen som kjem ut. Programmeringsspråk vert som oftast bruka for å lage interaktivitet. I grunnen kan ein difor seie at det ikkje finnast nokon forskjell mellom ein interaktiv multimedieproduksjon og eit dataprogram.
Graden av interaktivitet kan variere frå produksjon til produksjon. Ein produksjon med enkel interaktivitet kan vere eit lysbileteshow der brukaren kan bla seg fram og tilbake mellom bileta. Dersom ein tillet brukaren å kunne zoome inn på bileta, eller å kunne spele av musikk i tillegg, oppnår ein høgare interaktivitet.
Ein bør tilpasse graden av interaktivitet mot målgruppa. Dersom produksjonen for eksempel er retta mot born nyttar det ikkje med mange avanserte funksjonar som dei ikkje vil forstå, uansett kor mange gonger dei prøvar.
Det bør også vere eit mål at funksjonane skal gjere nytte for seg. At funksjonane hjelper brukaren til å oppnå noko. Dersom brukaren kan oppnå same resultat med ein enklare metode, er det liten vits i å inkludere det i produksjonen, då dette kan føre til at produksjonen vert sett på som overveldig og nyttelaus.
Formålet og innhaldet vil vere med på bestemme nytteverdien. Det vert stilt høgare krav til funksjon og brukarvennligskap på ei webside for opplæring enn på ei webside for rein underhaldning.
-Marius, 3STD.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar