søndag 20. september 2009

Oppsummering Kapittel 3: Tekst

Skrifttypen(font) bestemmer korleis ein bokstav skal bli sjåande ut. Dei fleste skrifttypane delast opp i serif og sans serif. Hovudforskjellen mellom serif og sans serif er at serif har utløparar i botnen av bokstavane. Her ser du dei to skrifttypane:
A
Sans serif
A
Serif

Desse bokstavane har ikkje berre ulik utsjånad, men også ulike bruksområde i ein tekst. Sans serif vert bruka i korte tekstar, overskrifter logoar og liknande, medan serif vert bruka i lengre tekstar då den er lettare og raskare å lese.

Storleiken på teksten vert målt i punkt(points), og eit punkt er 1/72 av ein tomme. Tekststorleik er viktig å tenkje på når ein skriv. Dersom tekststorleiken vert for liten, vert han vanskeleg å lese. Dersom han vert for stor vert det for få ord per linje og lesinga vert då mindre effektiv.

Det er mange teoriar om det optimale antal teikn ein skal bruke på ei linje, for å gjere lesinga mest mogleg effektiv. Det vanlegaste er å bruke 50-75 teikn.

Linjeavstand også kalla leading. Ordet leading har sitt opphav i gamal trykkarkunst der ein sat inn ekstra by mellom linjene. Dersom ein brukar ein linjeavstand på 0 får linjene akkurat plass utan at bokstavane kolliderar. Det kan av mange kanskje oppfattast som ”tungt” å lese ein tekst med liten linjeavstand, og større linjeavstand kan gjere teksten enklare å lese, og leseopplevinga betre.

Teiknavstand(kerning) fortel kva avstanden mellom kvart teikn i teksten skal vere. Dei forskjellige teksttypane vil som regel innehalde informasjon om kva avstanden mellom dei forskjellige teikna skal vere. Det er for eksempel behov for større avstand mellom VV enn IE. Når ein varierar avstanden på dette viset vert teksten enklare å lese. Nokre teksttypar som ofte vert nytta til å skrive programkodar nyttar ikkje teiknavstand ein kan variere.

Tekst kan justerast i forhold til området som inneheld teksten, ofte referert til som tekstblokka. Og det er svært vitig at teksten byrjar på same stad på kvar linje slik at auget lett kan flytte seg til starten av neste linje. Dersom ein skriv brødtekst bør ein difor vere venstrejustert eller blokkjustert. Høgrejustering brukar ein mest i kolonnar med tal. Senterjustering bør sjeldan brukast, og i alle fall ikkje i lengre tekstar. Blokkjustering hjelper vanlegvis teksten til å verte enklare å lese der det vert bruka fleire kolonnar, eksempelvis aviser og tidsskrifter. Dette kan likevel skape problem då avstanden mellom orda må varierast. Dersom lengda på kvar linje vert for liten kan det oppstå ”elver” i teksten som tek merksemda vekk frå teksten. Dette kan ein løyse ved orddeling, men mange orddelingar gjer teksten vanskelegare å lese.

Mørk tekst mot lys bakgrunn er eit stikkord dersom ein skal gjere ein tekst lett å lese. Og svart mot kvitt er som regel den beste varianten. Dersom ein skal vekkje oppsikt kan ein bruke lys tekst mot mørk bakgrunn. Men dersom ein ikkje vil gjere teksten til eit irritasjonsmoment for lesaren bør ein vere forsiktig med fargar og heller satse på den sikre varianten svart mot kvitt.

Filformat
Tekst kan ha ulik koding. Det vil seie kva for tal(bitkobinasjon) i datamaskina som tilsvarar kva for teikn. Ein tabell over tal og der tilhøyrande teikn kallast ein code page. Det finnast fleire grupper code pages, men den nyinnførte standarden som kan innehalde opp mot 100 000 teikn kallast unicode. Denne standarden er innført då det er ønskjeleg å ha eit kodesystem som kan representere fleire skriftspråk samtidig. Det finnast fleire tekstfilformat, med forskjellige eigenskapar. Det er nokon tekstformat utan formatering som txt og nokon med som RTF, HTML, doc og odf.
txt er reine tekstformat utan nokon form for formatering. Det vil seie at fila ikkje inneheld informasjon om skrifttype, justering og liknande.

RTF stend for Rich Text Format, og dette er eit format som også inneheld informasjon om formatering.

HTML-filer er filer som visast i nettlesaren som websider. Mange illustrasjons- og tekstbehandlingsprogram kan opne HTML-filer og vise dei som formatera tekst.

doc, eller docx som er den nye standarden, er mykje bruka i Microsoft Word og desse filene kan opnast i mange program.

odf vert bruka til den gratis programvarepakka Open Office som inneheld tekstbehandlingsprogram og fleire andre nyttige program.

-Marius, 3STD.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar