mandag 31. august 2009

31/08-09

Forrige fredag byrja vi og teikne isbjørn ved hjelp av flash-animasjon. Då min fyrste isbjørn ikke vart all verden, utsjånadsmessig, teikna eg like godt ein ny ein i dag. Denne vart eg tåleg fornøgd med.
Her er då flash-bjørnen min:

- Marius, 3STD.

tirsdag 25. august 2009

24/8-09

I går prøvde vi for første gang å lage flash-animasjonar, noko som viste seg og være ganske så moro! Eg laga ein relativt enkel animasjon med bilete av nokre apekattar. Under ligg linken til deviantsida mi der du finn denne animasjonane, samt dei animasjonane eg kjem til å lage i IT2 i løpet av året:


Bileteserie by ~Mariusit2 on deviantART

- Marius, 3STD.

fredag 21. august 2009

18/8-09

Tirsdag 18/8-09 hadde vi dobbeltime i IT2. I Denne timen hadde vi tavleundervisning, då alle dataromma var opptatte. Denne timen lærte vi ein god del teori rundt faget, hovudsakleg om oppløysing, men også om filformat, filstorleikar og litt om grafisk design. Punkt- og vektorgrafikk
Denne timen lærte vi at det finnast to typer grafikk; punktgrafikk og vektorgrafikk. "Punktgrafikk vert også kalla rasterformat som (bitmap) er et digitalt bilde, som i motsetning til vektorgrafikk, er en datafil eller en datastruktur som på en computerskjerm som består av et rektangulært rutenett av små piksler - biter, et kart av biter, engelsk bitmap, eller små punkter av farger. Fargen på hver piksel er definert hver for seg. Bilder, som for eksempel benytter RGB som fargeskjema, består av fargede piksler definert av 3 bytes – eller 1 byte hver for rød, grønn og blå. Bilder med færre farger trenger mindre informasjon for hver piksel, et bilde som består av kun svarte og hvite piksler trenger kun en enkel bit for hver piksel." (http://no.wikipedia.org/wiki/Punktgrafikk)

"Vektorgrafikk er motstykket til punktgrafikk hvor det visuelle uttrykket skapes ved hjelp av vektorer til geometriske figurer og fargeoverganger. Mens punktgrafikk i sin enkleste form er et rutenett med en bestem fargekode i hver rute, er vektorgrafikkens tegn og figurer definert slik at skalering kan foretas ubegrenset uten tap av kvalitet, samtidig som informasjonsmengden på datafilen, som styrer hvordan bildet skal vises på skjermen, er relativt liten. Vektorgrafikk benyttes ofte til strektegninger, illustrasjoner og symboler som skal tolkes entydig, spesielt hvor budskapet skal presenteres på flere medier. Derimot vil, for eksempel, et fotografisk bilde med alle sine nyanser ikke la seg representeres ved vektorisering."
(http://no.wikipedia.org/wiki/Vektorgrafikk)

Den største forskjellen mellom punktgrafikk og vektorgrafikk er at dersom ein blåser opp, eller zoomar inn på eit bilete med punktgrafikk kan dette då verte oppfatta som kornete og utydeleg. Då vektorgrafikken ikkje har pikslar, slik som punktgrafikken, vil ein aldri oppleve dette med vektorgrafikk. Dvs. at ein kan zoome, og blåse opp eit bilete laga med vektorgrafikk utan at ein vil oppleve det som kornete. Det skuldast at vektorgrafikken består av linjer og kurver som er definera matematisk. Det som også er positivt med vektorgrafikk er at bildene bruker mindre plass, filstorleiken er altså mindre enn bilete med punktgrafikk.

Filformat
Det er fleire forskjellige punktgrafikkformat her er ei oversikt over dei mest kjende: JPEG, GIF, PNG, TIFF og RAW.
JPEG ber vanlegvis etternamnet .jpg og det er kanskje det mest populære filformatet når det gjeld digitale fotografi. JPEG er vanlegvis 24 bit noko som vil seie at det er 16 mill. fargar per piksel. JPEG blir ofte komprimert noko som gjer kvaliteten vesentleg dårlegare, men plassbruken mindre. Ein skal være forsiktig med komprimeringa når ein brukar dette formatet i for eksempel Flash, då fila blir mindre, men kvaliteten blir svært mykje dårlegare då fila mistar mykje meir informasjon .

GIF er populært å bruke på websider og liknande då filene vanlegvis er små, men kan innehalde ein serie med bilete slik at det vert ein animasjon. Dette formatet har også ein annan viktig eigenskap at det innehalde informasjon om mellom anna gjennomsiktighet. Dette formatet brukar ikkje-øydeleggande kompresjon. Det negative med dette filformatet er at bileta berre kan ha 256 farger. Dette gjer til at dette formatet ikkje eignar seg til fotografi, men berre til enkel animasjon.

PNG kan seiast å vere etterfølgjaren til GIF då dette kan innehalde informasjon om gjennomsiktighet, men likevel ha 16 mill. farger. Dette gjer til at dette filformatet eignar seg til bilete, men det kan ikkje innehalde animasjon. Dette formatet brukar, i likskap med GIF heller ikkje øydeleggande kompresjon.

TIFF er eit format som er svært mykje bruka i grafisk bransje, og desse filene blir vanlegvis ikkje lagra med øydeleggande kompresjon, sjølv om det er mogleg. Dette formatet tillet lagring av bilete med opptil 48 bits fargedybde, dobbelt så høgt som JPEG, altså svært detaljera. Det negative med dette formatet er at filene vert veldig store. TIFF-filer kan også lagre alphakanalar og lag. Mange digitalkamera gjev deg moglegskapen til å lagre i TIFF utan øydeleggande kompresjon.

RAW er eit fellesnamn for fleire på fleir filformat som brukast for å lagre bilete direkte ut frå informasjonen frå biletebrikka i digitalkamera. Fordelen med desse formatet er at bileta lagrast ubehandla, slik at vi får større moglegheit til å etterbehandle bilete i biletebehandlingsprogram. Dette formatet vert ofte brukt i speilreflekskamera.

Vektorgrafikkformat er svært ofte programavhengig. Det vil seie at filformata ofte er knytte til spesifikke program og produsentar. Det er fleire vektorgrafikkformat, men dei mest vanlege er: SWF, PDF, og AI.

SWF er animasjonsfiler laga i Adobe Flash, og desse kan spelast av i Flash Player. SWF har med tida vorte eit svært vanleg format, noko som har gjort til at fleire andre program også kan lagre og opne filer i dette formatet.

PDF er eit format laga av Adobe for å kunne lagre skriftlege dokument slik at dei vert vist likt uavhengig av programvare og operativsystem. Desse filene kan ein lese i programmett Acrobat Reader.

AI er filformatet til Adobe Illustrator som er mykje bruka i illustrasjonsprogram.

Grafisk Design
Grafisk Design er eit svært vidt tema, og denne timen fekk vi ei lita gjennomkøyring av to viktige punkt når det gjeld grafisk design: kontrast og det gylne snitt.

Kontrast er med på å vekke sjåarens interesse, og det kan gjere det enklare å rette fokus mot det som er viktig på bilete, eller i animasjonen. Eksempel på kontrastar er skarpt/uskarpt og noko som beveger seg/det som står stille, Det gylne snitt vil seie at ein deler opp bilete i eit rutenett med forholdet 3:5. Dette er eit kjent fenomen bruka av fleire store kunstnarar som da Vinci. Ein kan også kjenne igjen det gylne snitt i det daglege samfunnet på mellom anna utforminga av bankkort, og andre typar kort.

-Marius, 3STD.

mandag 17. august 2009

Første time

17/8-09

I dag hadde vi årets fyrste IT2-time. Dobbeltimen inneheldt ei kjapp innføring i faget, kva for stoff vi skal i gjennom i løpet av året, samt litt informasjon om diverse program vi skal bruke. Vi hadde også litt undervisning der vi mellom anna lærte om oppløysing. Eg lærte noko nytt, og timen ga meirsmak. Eg ser fram til å komme ordentleg i gang med faget og å lære meir om programmering og flash-animasjonar.
Eg forventar at eg i løpet av året vil lære mykje nytt, som eg kan nytte også på fritida. Eg trur faget vil by på utfordringar, men at desse timane også vil være eit friskt pust i den ellers så trøyte skuledagen.

- Marius, 3STD.