17/8-09
I dag hadde vi årets fyrste IT2-time. Dobbeltimen inneheldt ei kjapp innføring i faget, kva for stoff vi skal i gjennom i løpet av året, samt litt informasjon om diverse program vi skal bruke. Vi hadde også litt undervisning der vi mellom anna lærte om oppløysing. Eg lærte noko nytt, og timen ga meirsmak. Eg ser fram til å komme ordentleg i gang med faget og å lære meir om programmering og flash-animasjonar.
Eg forventar at eg i løpet av året vil lære mykje nytt, som eg kan nytte også på fritida. Eg trur faget vil by på utfordringar, men at desse timane også vil være eit friskt pust i den ellers så trøyte skuledagen.
- Marius, 3STD.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar