søndag 20. september 2009

Oppsummering kapittel 5: Lyd.

Lyd kan i dei fleste tilfelle tilføre mykje til ein multimedieproduksjon. Lyd kan i mange tilfelle gjere opplevinga av produksjonen heilt annleis. Unødvendig og uventa lyd kan likevel øydelegge totalopplevinga av produksjonen i mange tilfelle. Ein bør difor berre bruke lyd når det er forventa det ein skal bruke. Eg kan nemne at eg i fleire tilfelle har skrudd av lyden heilt, når eg har sett reklamer på Internett. Dersom ein for eksempel ser ein bileteanimasjon om historia til eit selskap eller produkt er det ”akseptert” og positivt at ein forklarande stemme fortel historia inntil bileta. Ein bør også passe seg for å kombinere fleire lydar samtidig, då dette kan vere eit irritasjonsmoment for brukaren. Dersom ein nyttar lyd i ein multimedieproduksjon bør brukaren ha anledning til å skru av lyden slik at brukaren ikkje føler at lyden vert påtrengt og irriterande.

Teknisk kvalitet
Lyd er kort fortalt trykkbølgjer som brer seg i eit stoff, fortrinnsvis luft. I ”gamle” dagar vart lyd lagra analogt. I vår tid vert lyden lagra digitalt . Når ein lagrar lyd digitalt vert lydbølgjene konvertera til tal. Dette gjer ein ved at ein regelmessig målar lyden og lagrar verdiane som ein serie med tal. Under ser du eit forsøk på illustrere korleis samanhengen mellom lydbølgja og samplinga(raude punkt).





Den tekniske kvaliteten på lyden avhenger av kor ofte ein samplar(måler) bølgjehøgda, og kor nøyaktig verdiar vi målar(kor mange bits for kvar verdi). Desto fleire målingar, dess betre kvalitet. Dersom ein samplar oftare vert kvaliteten betre, men filstorleiken aukar også betrakteleg.
Eksempelvis er musikk på lyd-CD målt 44100(44,1KHz) gonger i sekundet, og der er målingane eit tal på 16 bits. Bitraten med stereolyd blir då 44100Hz*16bit*2 = 1411Kbit/s. dersom denne låta varer i 3 minutt tilsvarar det 31Mb, noko som er ei normal, men likevel stor fil. Dersom ein komprimerar denne fila til MP3 vil storleiken bli om lag ein tiandedel som er 3,1Mb. Då vært kvaliteten til og med tilnærma like god som originalen.

Lyd i Flash
Då vi gjekk igjennom kapittel 5 i teoritimen lærte vi også noko om lyd i Flash, og korleis ein burde stille inn start og stopp for å få lyden til å oppføre seg slik ein vil. Og her er ein oversikt over dei forskjellige ”kommandoane” ein kan setje på sync:
Event -> Startar lyden når spillehovudet kjem til nøkkelbilete med lyden, og spiller til lyden er ferdig. Her kan ein risikere at den same lyden køyrer to, eller fleire gonger, dersom animasjonen ”looper”.
Start -> Her startar lyden likt som ved event, men lyden startar på nytt dersom spillehovudet kjem til eit nøkkelbilete med den same lyden.
Stop -> Lyden stoppar når spillehovudet kjem til nøkkelbilete med sync satt til stop.
Stream ->Lyden er synkronisera til tidslinja, og lyden vert streama medan ein ser på animasjonen. Dersom animasjonen stoppar vil også lyden stoppe.

Filformat
Det finnast svært mange lydfilformat. Og mange av desse nyttar øydeleggjande kompresjon for å presse filstorleiken ned. Her er ei oversikt over nokre vanlege lydfilformat:
MP3 er eit formatet som har vorte komprimera, men som likevel gjev god lyd i forhold til filstorleiken. Då dette formatet kom var det mest som ein revolusjon, nå kunne ein overføre musikkfiler med relativt god kvalitet over Internett(!).

AAC/MP4
Desse formata skal gje betre lyd enn MP3, men likevel ha små filer. MP4 har også innebygd kopibeskyttelse. Desse formata er kjent for å være brukte av Apple.

Vorbis
Dette formatet er meint å vere ei forbetring av MP3-formatet. Dette filformatet har open kjeldekode og ingen patentbeskyttelse, dette formatet kan ein difor bruke gratis, også i kommersiell samanheng.

WMA
Dette er Microsofts alternativ til MP3, dette formatet inneheld i tillegg kopibeskyttelse.

WAV og AIFF
Desse formata inneheld ikkje øydeleggjande komprimering.

MIDI
Dette formatet lagrar ikkje lyden i seg sjølv, men det er namnet på ein måte å overføre informasjon mellom digitale musikkinstrument. I staden for å lagre lyden i seg sjølv lagrast data slik at lydkortet i datamaskina kan spele ulike tonar og stemmer. Dette gjer til at MIDI-filene vert svært små i forhold til vanlege lydfiler. Ulempen med dette formatet er at lyden kan verte syntetisk og høyrast ”data-aktig” ut.

- Marius, 3STD.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar